Historia til Stille Stunder

Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut. Det kristelege oppbyggingsbladet vart skipa i 1889 – to år etter Norsk Barneblad.

Stille Stunder vart grunnlagt av Volda-presten Johannes Barstad, og han redigerte det i over førti år. Oppstarten var grunna særleg i omsynet til den landsmålsinteresserte ungdomen, som Barstad meinte tok skade på sjela ved å lese radikale skrifter på nynorsk.


I 1880-åra var det stor skepsis til målsaka i vide krinsar, men Stille Stunder braut ned motstanden hos mange kyrkje- og bedehusfolk. Barstad knytte til seg både teologar og leke kristenleiarar i bladarbeidet, og dermed lærte etter kvart også konservative truande at landsmålet ikkje trong vere «ugudeleg».


Frå 1908 til 1927 var Stille Stunder vekeblad. Både før og etter kom det lenge kvar fjortande dag. Tingartalet har veksla gjennom tidene og nådde ein topp på 4000 i 1920-åra. Oslo kristelege landsungdomslag var utgjevar frå 1936, og i perioden 1957—2012 var det Kyrkjenemndi i Bergen som gav ut bladet. Frå 2012 er bladet drive av Foreininga Stille Stunder.


Stille Stunder kjem no med seks nummer i året. I 2009 hadde bladet ca. 1200 tingarar, fem år seinare var talet dobla, og ved inngangen til 2024 var tingartalet rundt 3370.


Tidlegare sokneprest på Voss, Ivar Molde, var bladstyrar frå 2004 og fram til han døydde brått og uventa vinteren 2024. Kort tid etter tok dottera Hanne MarieMolde og mannen hennar, Trond Ivar Bækken, over som redaktørar.

Vil du ha eller dela bladet?