Kontakt: Hanne Marie Molde. Tlf: 95 27 05 03.
E-post: hannemariemolde@hotmail.com
Vil du skriva ein tekst til oss? Stille Stunder skal vera eit samlande blad, og mange av tekstane er skrive av tingarane sjølve.
Me er alltid på jakt etter nye skribentar og nytt innhald: Historiske, biografiske tekstar, andaktar, livsminne og refleksjonar. Reiseskildringar, kåseri, bokmeldingar, dikt og songar.
Ei enkelside: Alt frå 600-1500 teikn med mellomrom.
Ei dobbeltside: Rundt 5-6000 teikn med mellomrom.
Om du ikkje vil skriva teksten sjølv, kan du tipsa oss om eit dikt eller ein salme du er glad i. Eller tema du vil me skal skriva om.
Stille Stunder fylgjer årstidene, og det gjer framsidefotografiet og andre foto i bladet også. Har du teke eit bilete av påskeliljer, førjulsstemning, eller anna som kan ta oss med ut i naturen, del det med oss. Skriv gjerne nokre ord om kvifor du tok eller likar dette biletet.
Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut.
Kontaktinfo