Om bladet
Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet i Noreg med røter tilbake til 1889.
Det er eit kristent kulturblad med prosa, dikt og salmar til stille ettertanke.
Bladet kostar 250 kroner og kjem ut seks gonger i året.
Dette får du i Stille Stunder
I Stille Stunder får du nye og gamle dikt og salmar på nynorsk. Nokre av dei store nynorske salmane stod fyrst på trykk her.
I bladet vert du kjend med nynorske salmediktarar, men også andre menneske som har utmerkt seg opp igjennom historia.
Lesarane av Stille Stunder bidreg med historier og minne frå farne tider og frå eige liv.
Bladet vil i beste meining vera eit kristeleg oppbyggingsblad. Kristen tanke og tru skal her få finna uttrykk i prosa og dikt, - til stille ettertanke.
Om oss
Redaktør
Hanne Marie Molde (f. 1985) kjem frå Voss, er utdanna journalist og har studert norsk, tysk og russisk. Ho jobbar til dagleg som presseansvarleg i Kreftforeningen. Hanne Marie tok over etter faren hennar, Ivar Molde, døydde brått og uventa i februar 2024 etter 20 år i redaktørstolen.
Redaktør
Trond Ivar Bækken (f. 1987) kjem frå Gausdal og har studert journalistikk og kulturleiing ved Høgskulen i Oslo og i Bø i Telemark. Sidan 2018 har han jobba i stortingsgruppa til Senterpartiet og som politisk rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet.
Forretningsførar
Rolf-Atle Rolfsnes (f. 1966) frå Stord har styrt økonomien til Stille Stunder med stødig hand sidan 2013. Han driftar også nettsidene og sosiale medier. Til dagleg er han IKT-konsulent ved Fitjar og Austevoll vidaregåande skule.
Styreleiar
Knut O. Dale (f. 1951) kjem frå Granvin og var lærar i norsk, religion og samfunnsfag i den vidaregåande skulen frå 1978 til 2018, fyrst i Aust-Finnmark, seinare i Odda. Han har vore styreleiar for Stille Stunder sidan 2001.
Styremedlem. Lektor. Voss.
Styremedlem. Sokneprest. Aurland.
Styremedlem. Lærar. Voss.
Sagt om Stille Stunder
I våre travle liv trengst tid til refleksjon og ettertanke om me skal evne å prioritere kva som er viktig i våre eigne liv. Stille Stunder gir grunnlag for slik refleksjon.
Liv Signe Navarsete
Å sitja i stova med Stille Stunder mellom hendene er ei sann sæle. Bladet ber med seg ljos og varme; ein lun sus frå lauvtunge lier. Kvardagssuter eimar bort. Kvelden rid fjellnutane i skarlakskåpe og gylt hjelm. Skogen slår sine sylvstrenger, og fjorden syng.
Arne Sørheim
I ein travel kvardag er det viktig å ha tid til ro og inspirasjon. "Stille Stunder" er ein av inspirasjonskanalane mine.
Reidunn Oline Skadsem
Kontakt
Ta kontakt med redaktør Hanne Marie Molde.
Tlf: 95 27 05 03. E-post: hannemariemolde@hotmail.com
Ta kontakt med forretningsførar Rolf-Atle Rolfsnes.
Tlf: 915 13 024. E-post: stille.stunder@gmail.com
Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut.
Kontaktinfo